Lydarkiv Lars Gjeldokk, Ål 1908-1978
Lars Gjeldokk fra Ål var født 02.12. 1908, og han gikk bort i 1978. Han overtok garden til foreldra i 1935. Han gifta seg i 1939 med Birgit Berg. Frå 1940 dreiv dei pensjonat på garden. Lars var bonde og spelemann. Han var stillfarande og hadde ein logn humor. Han var dessutan høvesdiktar, og mykje nytta i ungdomslag og organisasjonsliv. Som spelemann hadde han mange låttar i gamal form.
Lars var ein god lausdansar i ynge år. På stevne i Nes i 1930 kom han på fyrsteplass foran både Fingar Brattested og Tor Underberg. På kappleik ser han ut til å ha deltatt bare to ganger, i 1934 på eir stevne for Hallingdal fylkeslag, og ved Hallingdal fylkeslags stemne i Gol november 1962 –begge gongene vant han klasse B. Han var og dommar ved fleire kappleikar i dalen. Han deltok i Ål spelemannslag i perioden 1932-1938, hvor han lærde slåtter av mellom anna Sevat Sataøen, Ola A Strand, Ola Dekko og Lars T Strand. I 1937 deltok han og på kurs på Sundre i regi av Sigbjørn Bernhoft Osa. Lars lærde også bort låttar i Ål spel og dansarlag etter at det vart skipa i 1968.
Innspelt av Olav Sletten 1969:
Spretten
Bråta-Per 2
Muran - Halling frå Nes
Gofalåtten
Stakkars Per
Brennheiten
Den som rulla etter golvet
Vesle-Dekken
Låa
Fru Stenersen
Solmøy
Springar lært av Ola Lien - Gamlelåtten
Kongsbergen
Randi - etter Lars Tollefsen Strand
Sølve-Knut
Gro Gudmundsrud
Ola heite guten min
Linkom-Sara
Møteprotokoll 13. april 1932 Ål spelemannslag - springaren "Randi"
Innspelt Ål 1967:
Springar på nedstilt